sc_logo.png

 

Start Sailblog Reisebrev Foto/film Artikler Båt/utstyr Lenker Kontakt Gjestebok

 

 

 

Fra Tønsberg til Aure

Sørlandet - 2007

En høsttur til Magerøya i Hemne

Magerøya - 2007

Sommeren 2008 seilte vi til Lofoten
Lofoten - 2008                              

Sommeren 2009 - seilas i Midt-Norge Midt-Norge - 2009                        

Sommeren 2009 - til Frøya og Hitra

Frøya og Hitra - 2009           

Tre måneder i Østersjøen

Østersjøen - 2010

fra Kristiansand til Aure
Langs Norskekysten - 2010 
             
                                   

                                       


              

Segner og historier

Kilde:

Segn og tru – Folkeminne frå Møre

Samla av Martin Bjørndal

God bør

Ovtru millom fiskarane

Fiskevegn

Havhesten

God bør

Var det ring bør, so var det råd mot det óg. Det var berre å kaste ein skilling — eller enda betre — ein sylvknapp — på sjøen, so skulde dei med ein gong verte signa med fin seglbør.

Når ein rodde ut på havet, so måtte ein akte seg for å spytte over ripa på vindsida. Då kunde ein ottast for å få storm. Fjordamerra-a1.jpg

Var ein so uheppen å misse fyrste fisken når ein hadde fått han under ripa, so kunde ein godt vende heimatt, for då var det slutt med fiskelukka den dagen. Men elles var det råd med det óg, dersom ein var «fyre var». Det var berre å spytte godt på ongelen før ein kasta. Då vilde fisken hange godt på.

Ynskte kona god fiskelukke med, var det dårleg. Det kunde ligga mykje vondt i slike kjerringynskje, jamvel um dei var aldri so vel meinte. Då måtte ein spytte tre gonger mot land med same ein reiste.

Ovtru millom fiskarane

Det rådde mykje ovtru millom folk på Møre i «gamletida», ikkje minst millom fiskarar og sjøfolk, og det heng smått atti endå.

Draugen var helst den karen som mest sette støkk i fiskaren ute ved havet. Han kunde te seg i mange slags skapnader, men mest kjend er han som daudingen som sigler den halve båten. Kom han slik farande upp på sida av fiskebåten, med morelden lysande som ei eldmyrje i kjølvatnet, då spådde det storm og uver, og då kravde havet liv.

Ein måtte aldri bu seg på storfengd når ein rodde ut. Den som var smålåten og ikkje rekna med å få noko sers, skulde ha beste fiskelukka, trudde dei. Ein måtte difor ta med seg berre småkjørel å ha fisken i. Og når ein kom heimatt, so måtte ein korkje klage eller kyte av fengda. Båe ting var like gale. Og ein måtte vare seg vel for å telje fisken før ein slutta fisket og var på heimveg.

Theodor_Kittelsen_-_Sjoetrollet_1887_(The_Sea_Troll).jpg

Sume fiskarar pla gje ein god lovnad før dei drog på havet. Dei lova å gje fisk til presten eller fatigfolk dersom dei fekk mykje. Og då skulde dei som oftast verte signa med rik fengd. Og ein slik lovnad vart alltid halden.

Kobben var eit dyr som hadde stor makt. Det spådde ulukke dersom han dukka upp og låg mot baugen. Då kunde fiskaren likso godt snu heimatt med same, for han kom ikkje til å få so godt som eit napp.

                        Theodor_Kittelsen_-_Sjøtrollet,_1887

Men synte kobben det runde hundehovudet sitt på sida eller bak båten, då tydde det god fiskelukke og elles heppe på sjøen.

Kråka var eit illherveleg oting som hadde lett for å spå vondt. Sette ho i sine stygge «kra-kra» når dei skulde på utror, var det lita von um noko fiske.

Fiskevegn

Noko av det verste som kunde hende med fiskevegna, var at ei kjerring steig over henne. Då var fiskelukka burte for lange tider. Men til all lukke var der ei rett god motråd; ein kunde berre drage vegna gjenom gjødseldungen ved fjøset, so var reidskapa i full orden att.

                                                   flyndregarn.gif

                                         fra: Havspesialisten - Per Arnt Halvorsen

Havhesten

Havhesten held til lengst ute på det store havet. Ein kan stundom sjå honom i solfallsvinden, eller aller helst med same sola sprett um morgonen, liggje i vasstrømen og velte seg rett som ein annan hest der på landjorda. Imillom reiser han hovodet høpgt upp og rister den digre fallemana si, og då kneggjar han som den villaste grahest.

                                      havhesten-copy.jpg

                                      Friedrich Johann Justin Bertuch (1747-1822)

Share |

 

Copyright | Hemsida med Sitoo