Rutebåten MB"Vega"
Kilder: alnakka.net
lokalhistoriewiki.no
MB «Vega» var ein rutebåt som vart dreven av Albert Dahle (1898–1994) frå Ytre Breivika under Leirå på Tustna og som gikk i rute mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna frå han vart kjøpt i 1947 eller 1948 og heilt fram til ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960.
Albert Dahle og far hans, Edvard E. Dahle (1869–1939), begynte med privat rutebåt mellom Kristiansund og yttersida av Tustna med MB «Fram» i 1938. Albert Dahle fortsette drifta da far hans dødde og dreiv ruta gjenom krigen og fram til han kjøpte ny båt.
MB «Vega» leverte ofte varor til Fr. Marit Halsnes, seinare Soleimsund Handel.
I 1947 eller 1948 kjøpte Albert Dahle MB «Vega» av Knut Eide, som hade dreve rutekjøring med båten ein stad i Moldedistriktet. Ikkje lenge före Albert Dahle kjøpte båten, hade han vorte oppussa og fått innsett ny motor, og båten var stødig i drift og hade sjeldan motorhavari. I Albert Dahle sitt eige gikk MB «Vega» som passasjer- og godsbåt mellom Kristiansund og både yttersida og innersida av Tustna etter faste rutor. I periodar var det ekstra mykje gods, inkludert når det skulle leverast kraftfôr, så det gikk mange ekstraturar med gods. Da ferjeruta Kristiansund–Tømmervåg vart sett i drift i 1960, vart ruta nedlagt. Familien beheldt båten og bruka han til småturar fram til de selte han kring 1967 eller 1968.
Kilder:
alnakka.net og lokalhistoriewiki.no
(alnakka.net sin kilde er oppgitt til å være Edvard O. Dahle (1923–2010), sønn til Albert Dahle)